17 - 25 juni i Fjærland ved Sognefjorden  
   
 
 
Meir om dei som er med

Gordon Cumming er pensjonert IT-konsulent og tok opp bokbinding som ein hobby. Han tilbrakte heile sommaren 2005 i bokbyen i Fjærland, med ope verkstad, der han ga undervisning, tok imot tingingar på bøker, reparerte eldre bøker mm. Dette ga nok meirsmak, for i år er han tilbake att.

Maureen Duke har vore bokbindar i over 50 år. Ho er ein nestor innan bokbindar faget, og har m.a. leia det engelske forbundet Society of Bookbinders i mange år. Under bokbyfestivalen skal ho undervise både speialistar og dei som er nye i bokbindarfaget, noko ho har long erfaring med.

Ove Eide er pedagogisk leiar ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Han var styremedlem i Jakob Sande-selskapet 1994 – 2006, og har vore redaktør av Sande-selskapet sine årbøker i same perioden. Eide arbeider med ein biografi om Jakob Sande som kjem ut hausten 2006 i samband med 100-årsjubileet for forfattaren. Han har gjennom åra halde eit stort tal føredrag om Jakob Sande og om ulike kulturelle og litterære emne. Han har skrive /redigert om lag 20 bøker med lokalt feste.

Margot Sande er lærar ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Ho har i ei årrekkje verka som formidlar av litteratur med vekt på lyrikk, med program m.a. om Jakob Sande, Marie Takvam, utval frå Ønskediktet, Jon Tolaas og andre forfattarar frå Sogn og Fjordane. Ho har m.a. hatt framføringar under Dei Nynorske Festspela og på Det Norske Teateret.

Borghild Telnes er frå Seljord i Telemark, der ho driv sitt eige kalligrafi studio www.firingan.com. Ho skal halde kurs i stempeltrykk laurdag 17 og sundag 18. juni, og vere med og undervise skuleelevar måndag 19 og tysdag 20. juni.
Bas Vlam er opprinneleg fra Nederland men bur no på Askøy. Han er ein anerkjend fagperson innan det norske kalligrafi miljøet, og har lang erfaring med å halde kurs. Les meir om han på www.kalligraf.no I Fjærland skal han holde kurs laurdag 17. og sundag 18. juni, samt undervise skuleelevar måndag 19. og tysdag 20. juni.

Anita Walsmit Sachs var opprinneleg utdanna moteteiknar men arbeider no som botanisk kunstnar. Ho er sjef for kunstavdelinga ved Nationaal Herbarium of the University of Leiden, og vann m.a. i fjor gull medalje i BBC sin konkurranse for botanisk kunst. Salsutstilling.

14.06.2006